Godt nytt år, alle sammen :-) Håpar de alle har hatt ei fredfull jul og ei fin feiring av det nye året. Vi vil takke alle kundar for gode stunder og opplevingar i året som har gått. Takk til alle som har komt på kundearrangement, og bidratt med sit selskap og gode humør. Takk for alle blomsterbestillingar, og alle kaffikoppar de har kjøpt. Takk til alle som har leigd lokaler til å halde møter på kveldstid, og nytta vårt tilbud på kjøkkenet.  

Vi må alltid sjå frammover, og no i januar og februar kjem vi til å gjere litt endringar, for å få ein enno bedre butikk, og lokaler. Vi vil utvide kjøkkenet for å kunne jobbe enno meir med mat og catering, ettersom vi opplever god respons på dette området. Derfor vil det i periodar verte litt snudd opp/ned, i lokalene, men vi satsar på å kunne gjere endringane utan å halde stengt.

Januar er messetid, og vi vil gjerne at du som kunde tipsar oss, om det er noko du saknar i Eikefjord, av produkter du tenker kan passe inn hos oss :-) Du kan vere med å avgjere kor god butikken vår skal vere, ved å bruke oss og komme med konstruktive innspel :-)  Dette kan gjerast til 95152023, eller anonymt i postkassen vår :-)

Vi har utvikla kjøkkenet vårt med fleire gode rettar, og kakesortar, alt heimelaga frå vårt kjøkken. No frammover vil det vere utval av salatar, supper og enkle middagsrettar, for eksempel vår heimelaga lasagne er proppfull i sunne tomatar og løk, som har viktige næringssstoff og du kan ete med god samvittighet.  

Til kaffien får du grove scones med tranebær, og grove kjeks som er gode med smør og ost. Det treng ikkje vere søtt for å vere godt. Så her kan du vere sosial med god samvittighet :-)

God helg :-)

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2