Grendalaget innviterte til folkemøte20150211 250 gave om fleirbruskhall tirsdags kveld og det blei eit møte med halleluja stemning.

Brigt Samdal brukte første del av møtet til å orientere om fleirbrukshallen og dei utfordringane ein står ovenfor.

Så var det over til den verklege nøtta for bygda. Forskjellen på å bygge ein gymsal på 16x24 og den ønskte fleirbrukshallen på 23x45 er over 20 mill kroner.

Trekk ein frå tippemidler og momskompensasjon kan ein rekne at bygda må skaffe 10 mill kroner.

Og her starta hallelujastemninga, folk reiste seg spontant og bidrog med både 10, 20, 30 og 40 tusen. Første summen inn på kontoen var 1743 etter det gamle grendalaget i bygda. Før Brigt hadde fått avslutta møtet var denne summen vokse til 352 773 kroner.

Etter møtet gjekk folk rett til grendalaget og skreiv seg på listene der dei forplikta seg til å betale inn mange tusen - enten som enkeltbeløp eller som måntlige avdrag. 

Sjølvsagt er prosjektet på facebook - https://www.facebook.com/fleirbrukshall - her kan ein finne kolonne som viser kor mykje som er komme inn på konto 3705.28.29934 som er kontoen til Fleirbrukshallen i Eikefjord.

Gjennomgangstonen i møtet er at det blir Fleribrukshall, men Jacob Nødseth våga seg til å helle litt kaldt vatn i blodet på oppglødde eikefjordingar. Bruk tida og dokumenter og sansynleggjer at dokke klarer å samle inn nok penger, så vil nok bystyret gå med på å bygge hallen.

Brigt kvitterte med at dette var det kontroll på og bystyret vil få garantier for at bygda ville stille med dei midlane som dei lovde. Han opplyste også at dersom det ikkje blei noko av fleirbrukshallen ville pengane som kom inn gå uavkorta tilbake til givar, men pengane går ikkje tilbake FOR DET BLIR FLEIRBRUKSHALL.

20150211 600 mote

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2