Grendalaget kalla inn til folkemøte om fleirbrukshallen i dag. Grendalaget ønskte råd om vegen vidare. I samspelsfasen har det komme fram to alternativ til ein hall på 23x45 meter etter ønske frå Grendalaget. Det ein er å skøyte på hallen 5 meter og dermed få ei scene i enden av hallen. Det tredje alternativet er ein mindre hall også den med scene i enden.

Altenativet med utviding av hallen med 5 meter til 23x50 meter har ein prislapp på 7,5 mill ekstra totalt 17,3 mill.

Alternativet med midre hall på 20x37 meter med 5 m scene ville komme på 8,5 mill.

Dei aller fleste på møtet tala varmt for å gå for den store hallen. Sjølvsagt hadde det vore fint med ei scene, men til den prisen er det ikkje eit alternativ for bygda å finansiere noko slikt.

Den mindre hallen skal ein klare, men bredda på 20 meter sperrer for ein større hall for all framtid.

Bredda på hallen vil bli låst i denne fasen. Bredda bestemmer plasseringa av skulen. 3 meter ekstra bredde på hallen vil også stjele av den flate uteplassen, men dette er ok i følge tilbudet frå Skanska.

5. mars er ein viktig dato for prosjektet. Då skal prosjektet opp i Flora Idrettsråd og i møte mellom Grendalaget og kommunen. Her vil Grendalaget legge fram sin garanti for finansiering og legge planar for vidare framdrift.

12. mars skal prosjektet opp i prosjektkomiteen, men den viktigaste datoen er 17. mars der skule og fleirbrukshall skal opp i bystyret. 
Dette blir eit ekstremt viktig møte der bystyret kan takke ja til ei folkegave frå Eikefjord på nærmare 10 mill for å få realisert fleirbrukshallen. Ein hall som det er stort behov for i Flora kommune.

DET ER VIKTIG AT EIKEFJORDINGANE VISER SIN INTERESSE OG STILLER PÅ BYSTYREMØTET DEN 17. MARS.

Innsamla midlar er no over 5,4 mill og dei som har støtt i bresjen for innsamlinga er stolte av å få være med i dette arbeidet. Fleire bedrifter er på trappene, men treng eit styrevedtak for å ha eit gyldig vedtak for å gå inn i fleirbrukshallen med større beløp.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2