Det er ingen tvil. Fleirbrukshall er den20150306 250 per store snakkis i Eikefjord for tida. Klarer vi å få dette til? Kan politikarane takke nei til ei gave som ser ut til å komme opp i rundt 7 millioner og det med garanti?

Eikefjordingane har tatt tak i utfordringa og nesten alle har gitt sin del til fleirbrukshallen. Her er Per på veg til banken med sitt hittill siste innskudd og vi treng fleire slike.

Har du ikkje fått anledning til å gi endå er det berre å ta kontakt med Grendalaget og kontonummeret ser du ovanfor.

Mange spørsmål svirrer i lufta, men endeleg svar lyt vi vente med til saka kjem opp i bystyret. Då lyt politikarane velge - 2-3 millioner ekstra til ein hall i Eikefjord i tilknytning til skulen eller 40-60 millioner minus tippemidler til ny hall i Florø. Ein hall til i kommunen er det brukt for.

Torsdag var ein milepæl i prosjektet. Då var Grendalaget i møte med kommunen. Dette var eit positivt møte og Grendalaget fekk utvida si tid for å komme med garanti for gava bygdesamfunnet i Eikefjord vil gi Flora kommune.

Det var også møte i Idrettsrådet. Idrettslaga i Florø er litt skeptiske til å legge ein hall i Eikefjord - det er jo langt inn dit, foresten like langt som det er eikefjordingane å reise til Florø. Utfallet av møtet er uvist endå, men Grendalaget har god tru at det blir ei positiv innstilling.

12. mars skal prosjektet opp i prosjektkomiteen til kommunen. Då bør alle detaljer være på plass både med hensyn til finansiering og bruk av hallen.

Den viktigaste datoen er 17. mars der skule og fleirbrukshall skal opp i bystyret. Då får politikarane valget - plusse på folkegava frå Eikefjord med 2-3 millioner slik at hallen kan byggast no eller vente og bygge ein ny hall i Florø, då til mangedobling av prisen idag.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2