Grendalaget har samla inn 7 millioner til fleirbrukshallen. Av dei sju millionane er 5,8 mill pengar på bok, donert av næringslivet, organisasjonar og privatpersonar. Dei resterande 1,2 mill, er teke opp i lån av grendelaget, seier Brigt Samdal til Firdaposten. — Det er stort å sjå at næringslivet og organisasjonar har stilt opp med betydelege summar. Men det som kanskje er meir imponerande er engasjementet til bygdefolket. Alle har lyst til å bidra og å vere med.

— Ein «dream come true»! seier Lars Terje Standal, leiar i Eikefjord Idrettslag. — Det var no eller aldri. Etter ti år med kamp og berre vonbrot, så skal det endeleg skje. Det er historisk.
Ekstra kjekt syns lagleiaren det er at hallen skal stå klar til idrettslaget sin 50-årsdag.

— Skulen er skal stå ferdig første veka i januar 2016. Så då reknar eg med at spaden står i jorda veka etter, ler Samdal og fortset: — Den skal stå klar til idrettslaget sin 50-årsdag i 2017. Det lovar eg!

Les meir i Firdaposten+

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2