20150317 600 ja

Bystyret fekk spontan applaus av dei mange oppmøtte etter vedtaket om bygging av både skule og fleirbrukshall i Eikefjord.

Rådmann opna debatten om skule/fleirbrukshall med å rose prosjektkomiteen og måten Eikefjord Grendalag har komme med innspel på. Han sa at administrasjonen har jobba nøye gjennom prosjektet og kunne stå inne for dei tal som politikarane hadde fått på bordet. Han var djupt missunlig på eikefjordingane og meinte innsamlinga må være eineståande.

Per idag er det overført 2,3 mill til Flora kommune, dei har også mottatt garanti for 4 mill. Riskikoen med denne delen av finansieringa er dermed minimal.

Den politiske debatten blei ingen debatt, men skryt til eikefjordingane og den viljen og evnen dei har til å følge opp sitt slagord.

Vi kan, vi vil og vi får det til.

Sagt i bystyret:

Eg trudde det var grenser - det er det ikkje i Eikefjord

Kva blir den store festdagen i Eikefjord - 17. mars eller 17.mai.

Steika flotte folk, takk for at dei har hjelpt Flora Kommune med dette.

Gledens dag for heile kommunen.

Rådmann fekk eit ekstra punkt i det endelege vedtaket i bystyret. Bystyret ville at prosjektkomiteen jobba vidare med detaljer i prosjektet. Grendalaget har påpeika at det bør låssystem og belegg i hallen bør oppgraderast. Vedtaket som no er gjordt er dette kanskje muleg.

20150317 600 brigt

Brigt Samdal fekk etter vedtaket ordet og benytta anledningen til å takke kommunen for godt samarbeid.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2