Eg trudde det var umuleg, men det er det vist ikkje i Eikefjord, blei det sagt frå talerstolen i bystyret. Dugnad kan vi, det har vi vist mang ein gang. Skal vi nevne nokre av dei store kan vi trekke fram Storebrua, kyrkja og no fleirbrukshallen.

Storebrua
Brua på Storebru var bygt av 13 bønder i Eikefjordsdalen i 1745-46. Den gamle brua på Endestad vart stadig tatt av isen og ei ny bru var nødvendig for trygg ferdsel til sjøen. Det første skriftlege sporet vi finn er frå 1746 då lensmann Anders Nilsson Standalen såg på Storelvbrua og verdsette den til 26,5 dalar. Brubyggjarane ville ha hjelp av bøndene ved fjorden til finansiering.
Brua var så stor og svær at den vart nemnt i storverket til Hans Arentz – beskrivelse over Sunnfjord. Den sette også varige spor ved å gje plassen namnet Storebru.
Ny bru kom først i 1944-45 då det vart bygt ny veg over Ramsdalsheia til Førde.

Også vegen opp Eikefjordsdalen var bygd på dugnad. I formannskapsprotokollen frå 1849 står det at vegen opp Eikefjordsdalen har eksistert frå gamal tid, og vart bygt og vedlikehalden av bygdefolket.
I heradsstyreprotokollen frå 1936 står det: «Denne vegen har busetjarane i eldre tider bygt sjølv - utan fagkunnig hjelp og utan offentleg tilskot».

Kyrkja
Det vart sett opp eit kapell av bøndene i Eikefjord. Det var 50 eigedelar der kvar hadde like stor lut. Granskingar viser at dette var alle bøndene i det som seinare vart Eikefjord kommune.
Før dette måtte folket i Eikefjord reise til Svanøy for å gå til kyrkje. Dette var ei lang og strevsam reise spesielt for dei oppe i dalane. Det er fortalt historier der folk brukte mange dager på kyrkjereisa – spesielt i dårleg veir. Frå Løkkebø kjenner vi historia om dei som omkom på kyrkjevegen.
Søren Agledal var drivkrafta for å bygge kapellet og i 1813 kunne det innviast som den første nye kyrkjestaden sidan 1600 talet.
Etter kvart vart kyrkja utvida og i 1873 seld til Kinn kommune.

Fleirbrukshall
Flora kommune har beslutta å bygge ny skule i Eikefjord aller helst med idrettshall. Tilbudet dei får innanfor rammene er skule med ein stor gymsal, men med opsjon på ein idrettshall til 23 mill ekstra.
Trekk ein ut momskompensajon og tippemidler sit ein igjen med eit finansieringsbehov på 10 millionar kroner. Bygda set sitt sterkaste kort, Brigt Samdal, i førarsetet i grendalaget og på 28 dager blir det samla inn ufattelege 7 millioner. Det er eit snitt på 250 000 pr dag i ei bygd på ca 2000 mennesker.
Alle i Eikefjord går inn med pengar for å være med å dra lasset. I gavelistene kan ein sjå personar som ikkje er begynt på skulen til pensjonistar på nærmare 90 og fleire utflytta eikefjordingar. Sjølvsagt har også lag og bedrifter bidratt i spleiselaget.
Gåva er så uvanleg at kommunerevisjonen ikkje kunne finne lover og regler for slik ei gåve og dermed var det opp til bystyret å takke ja til den fantastiske hjelpa frå Eikefjordsbygda.

17. mars takka bystyret ja til gåva og vedtok bygging av skule og fleirbrukshall.

Innimellom desse store har det alltid vore eit eller anna dugnadsprosjekt på gang. I den seinare tid kan ein nevne Idrettsbana, Skiløypene på Humlestøl, Miljøstranda, Strandpromenaden, Tursti Eikefjord og diverse forsamlingshus rundt om i distriktet.

Som ein ser – eikefjordingane har fått dugnadsånda inn med morsmelka. Den ligg der latent i oss og er ikkje vanskeleg å vekke til live dersom det er prosjekt vi verkeleg brenn for. Er du så heldig at du har flytta til bygda trengst det berre eit vekkelsemøte eller eit festleg samvære så er du med og kan spe på med morsmelk til neste generasjon.

I papirene til bystyret om skule/fleirbrukshall kan ein lese at ein del av dei 7 millionane er lånefinansiert. Idrettslaget skal søndag ha ekstraordinært årsmøte for å godkjenne låneopptak og Grendalaget må også låne for komme opp i 7 millionar. Så sjølv om fleirbrukshallen er sikra er på ingen måte innsamlingsaksjonen over.

Bli med du også – og gled deg til opningsfest i Eikefjord si nye storstove.

OAEnd
red.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2