17.mai er også dagen Flora kommune har valt for å sette pris på dei som har utmerka seg på ulike felt, og i dag var ikkje noko unnatak.
Mangfaldprisen skal gå til nokon som har arbeidd for å fremje samkvem og forståing mellom folk frå ulike kulturar, og det kan ein absolutt seie at Eikefjord basket gjer. Mange ulike nasjonar er representerte på laget, i tillegg til at dei har spelarar som kjem reisande frå andre delar av fylket for å få spele basket. I tillegg har dei sportsleg suksess, med 1. divisjonsspel og eit jentelag som er det første frå Sogn og Fjordane som har teke medalje i serien.