I følge Firdaposten har byhjorten20150831 250 Eikefjord hatt seg ein minnerik tur i Eikefjordsfjellet. Fem og ein halv time på leit etter fallossymbol som berre fantest mellom horna til hjorten. Ikkje rart hjorten kom ut av kurs når han er i paringsmodus og svetten blindar.

Eg er ikkje heilt idiot, skriv byhjorten, men fjellvettregler kan han ikkje. Når man i 10-tida om kvelden begir seg inn i ukjent terreng, bør kanskje fjellvettregel nr 6 huskast av byhjorten når han er utanfor gulmerka asfaltstriper.
Ta alltid med kart og kompass på turen, og lær deg å bruke det.

Merkene som er sett opp er så tett at sjølv blinde kan følge dei etter nokre sine meiningar, men ikkje nok for ein hjort med tankane på fallossymbol og forkvakla seksualitet. Lett å forbanne turlaget som ikkje har sett opp eit einaste merke i Eikefjordsfjellet, her inne er det berre enkelte som etter eige skjønn har merka og rydda stiane.

Frå Knapstadstøylen var det vist ein god ide å følgje Kyraråkja. Bønder forstår at frå Knapstadstøylen går Kyraråkja mot Knapstad. Frå Eikefjord går merkleg nok ei kyraråk mot Eikefjordstøylen, heldigvis ikkje merka.

Byhjorten er velkommen til ny oppleving i Eikefjordsfjella, men ta med kart og kompass. Hjorten kan også vente til orienteringstavlene med kart som idrettlaget planlegg kjem opp, også desse laga på dugnad i god Eikefjordsånd.

Om dette ikkje er nok kan byhjorten følge fjellvettregel nr 9. Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om nødvendig. Snø finn du på nordsida av Blånipa

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2