Under årets eikefjorddagar stilte mange artistar opp og spelte gratis under kyrkjekonserten, til inntekt for fleirbrukshallen. Blant desse artistane fann vi Laila B. Førde, Hege Lillestøl og Grete Berntzen som frå scena i operahuset på Eid skal gle innbyggjarane i fylket med sitt show: "Julekava". Du kan lese meir om showet her: https://www.facebook.com/julekava

Grendalagsleiar og dirigent i Koriander, Brigt Samdal, sa under kyrkjekonserten at bygda skulle stille med gratis buss tur/retur Eikefjord-Eid for dei som ønskte å få med seg "Julekava". Dette som ei takk for at damene stilte opp og spelte på dugnad for oss.  

Det er no bestemt at bussen går fredag 11. desember. Du bestiller billettar til showet sjølv og melder deg på bussen til Brigt Samdal ([email protected], eller 90748238). Frist for påmelding er søndag 7. desember.

Billettar til showet får du kjøpt her: http://www.operahuset.no/operahuset/pa-scena/julekava/

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2