20160922 250 jakobUventa og gledeleg gull til Jakob Endestad i NM 5-kamp!

Gunnar Reiakvam, trenar i Tambarskjelvar, hadde lyst å prøve Jakob i NM 5-kamp for ungdom. Det vart avvikla laurdag 17.september i Larvik. Jakob hadde då kun delteke i eit klubbstemne, der han løfta 60 kg i rykk og 95 kg i støt.

I NM deltok han i klassen ungdom 17-18 kg. Det var forventa at Izak Sûsmann skulle ta gullet. Han var då også best i rykk og støt. Men Jakob tok att leiinga og gjekk forbi i øvingane sprint, kast og tre-hopp. Jakob persa med 19 kg i rykk og 15 kg i støt og vart ståande med 79 kg i rykk og 110 kg.i støt under NM.

Han tok dermed eit noke overraskande gull og det i sin aller første konkurranse.


Eit første resultat av skuleprosjektet under EM i Førde.

Jakob Endestad var ein av ei aldersblanda ivrig gruppe frå Eikefjorden som fekk instruksjon av skuleprosjektet som var ein del av EM i Førde i vår. Bjarne Bergheim og Vebjørn Varlid var instruktørar for denne gruppa i Førdehuset og skapte god stemning og interesse. Trass i langt frå ideelle forhold i det vesle utstillingslokalet skuleprosjektet disponerte under EM.

Frå mai og til skulen var slutt deltok Jakob på vektløftarskule i Naustdal. Når den var ferdig trente han under Gunnar Reiakvam 2 dager i veka. Det var uventa men gledeleg at han med så kort "fartstid" i vektløfting slo til med gull i sitt første NM! Ein svært jamn kamp med Izak Süssmann frå Stavanger i klasse G17-18 år der Jakob fekk 679,43 poeng, Izak 675,98. Ole-Kristoffer Sørland frå Breimsbygda på bronseplass.

Vektløftarkrinsen vonar Jakob også får med seg fleire frå Eikefjorden på trening og som deltakarar i neste års NM. Det blir også viktig for vektløftarkrinsen å vidareføre skuleprosjektet.

5-kamp

5-kamp er et tiltak iverksatt av Norges Vekløfterforbund for å stimulere til et bredt bevegelsemønster i ung alder (motorisk stimulering), samt å gi et enda bedre konkurransetilbud.

5-kamp består av øvelsene rykk, støt, 40 meter sprint (med liggende start), kulekast (bak over hodet) og tre-hopp. Det har vist seg igjennom årene at utøvere som ikke er med i toppen i vektløfting likevell klarer å hevde seg i 5 kamp, da 40 meter sprint, kulekast og tre-hopp blir vektlagt sterkt i den totale poengsummen.

Dette betyr at man trenger ikke å drive toppidrett i vektløfting for å hevde seg innenfor 5-kamp.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2