opningstider heading inspire

SALG;

Vi planlegger litt endringer i butikken, og skal selge ut alle kle, no får du gode rabattar, 50 og 70%, mange gode kjøp enno!!

 

FULLMÅNEPUB; 

Årets første PUB vert LAURDAG 11 FEBRUAR , sidan mange ville holde seg heime i dag det er fredag  den 13 ;-) Takk til den flotte dama som gav Ideen ! Så da vil pubèn variere dag fra månad til månad, følgende "Fullmånepuber" vert;

Søndag 12 Mars, Tirsdag 11 April, Onsdag 10 Mai, og Fredag 09 Juni :-) Klokkeslett 1700-2200, og eigen meny for kvar kveld.

 

BESTILLINGER;  

Vi har både mobilnummer 41698480, men dei fleste brukar 57744601, den er kobla til mobilen så det er heilt flott å bruke. Om vi ikkje svarar så er det gjerne fordi vi har kunder i butikken, men vi prøver å ringe tilbake, når vi har anledning til det. Skal du bestille blomster til gravferd, set vi pris på å få bestillinga inn så snart de veit om at de skal ha noko, vi tenker spesielt da på helsingar frå naboer og venner, bårebukettar og kransar, for det gjer det litt enklare for oss å berekne materiell og arbeidstid. Da mange bestiller dagen før, gjer det til at det blir veldig lange dagar for å komme i mål. Sjølv om vi har stengt mandager, er telefonen betjent. På førehand takk for forståinga :-)  

Vi er no blitt distributør for Interflora, noko som vi er veldig takknemlig for,  da det styrker drifta vår, som blomsterfaghandel. 

 

I KAFEEN; 

Framover no får du supper fra Siri`s Soulsfood i Naustdal, rett og slett fordi vi digger konseptet, og liker samarbeidet. Ferske, heimelaga, spenstige, næringsrike, supper, nett slik du kjenner dei hos oss. Da kan vi bruke energien på kaker og bakverk, og i morgon finner du nystekte kanelfletter, fylte horn, både med pølse, og ost/skinke, og masse anna i kafeen <3 GOD HELG

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2