20220408 Bilde1Mellomstegselevane på Hovland og i Kvalvika laga til og delte ut eksklusive invitasjonar til Turglede i Kvalvika i begynnelsen av veke 13. I tillegg til oppslag på butikken og annonsering på Facebook gjorde det til at over 60 personar ville vere med på tur til Nesjekongen søndag 3. april, sjølv om det la seg godt med snø på bakken den dagen. Det var kjekt at så mange, frå baby til eldre, vart med for å besøkte den forhistoriske gravrøysa til Nesjekongen heilt ute på Nesjetåa. Etterpå hygga vi oss ved gapahuken like ved Storevatnet.

 

20220408 Bilde2Turen gjekk frå det siste postkassestativet i Kvalvika / Nesjane og vestover, forbi boligfeltet, nedom Harry Kvalvik sitt hus og bort til stikrysset kor det er skilta Nesjetåa. Stien vidare hadde Harry merka heile vegen ut. Han hadde laga ei lita rundløype så vi gjekk litt annleis merka sti inn igjen mot stikrysset. Harry viste veg og guida undervegs.  Det var ikkje så lange bratte bakkar, men det var litt kuppert terreng. Nokre stader gjekk vi på toppen kor det var berg og andre stader nesten ned i fjæra. På turdagen hadde det snøa så det var litt glatt å gå. Vi gjekk i roleg tempo, så det gjekk fint og det vart ein langt tog med folk.  

20220408 Bilde3

20220408 Bilde4

20220408 Bilde5

20220408 Bilde720220408 Bilde8

Hygge ved gapahuken:

Marianne, som arrangerte turen i lag med EIL-turglede, hadde laga svele. Emil Alexander og mamma Linn Therese hadde baka kake. Pappa til Clara stekte pølser på bål og det vart servert kaffi og saft. Det var veldig koseleg å vere i lag ved gapahuken. Det var også gøy med quizen som Trine hadde laga. Nokre spørsmål var litt harde å knekke for barn, men nokre passa utmerka. For eksempel spørsmål nr. 7: «Kan du namna på 3 hundar i Kvalvika?» Den heldige vinnaren vart Marianne Sandvik som får fine premiar.

20220408 Bilde9  20220408 Bilde10

20220408 Bilde11Nesjekongen:

Så godt som ingen har høyrt om Nesjekongen som det seiast skal vere begraven under steinrøysa ytst på tåa som er ca 2 meter brei og 5 meter lang og ligg innimellom nokre småtrer og sprake. Kven var denne Nesjekongen? Var han ein vikingkonge og vart drept i eit blodig slag der i Kvalvika?

Det er meint at det har vore ein steinalderbuplass der ute i den fine Storevika, like innanfor Nesjetåa. På 1980-talet vart det funne to malsteinar i området av pappa til Alf Erik, den eine er frå eldre steinalder. Dette er spennande og det hadde vore kjekt å få vite meir om, for korleis var det eigentleg å leve i Kvalvika og rundt om her for fleire tusen år sidan?

 

 

 

 

 

 

Intervju med ein av deltakarane:

20220408 Bilde12Vi var veldig imponerte over Ida Rosita som tok turen på snødekt sti heilt ut til Nesjetåa. Ho har nemleg CP og har vanskar med å gå i ulendt terreng. Sjølv om det var vanskeleg var ho veldig blid og hadde stå-på-vilje.

Korleis opplevde du turen?

Nei, det var ganske krevande, særleg fordi det var snø på stien. Det hadde nok vore lettare om det ikkje hadde vore det. Heldigvis fekk eg god støtte av Marianne, Stian og Jon Arne utover for de var sleipt.

Var det kjekt å vere med?

Ja, det var det! Særleg når folk berre kom til og ga med støtten eg trengte,- det hadde eg ikkje forventa. Eg må jo elles klare det sjølv når eg vil på tur, om eg ikkje blir bedt med eller eg ber med nokon på tur.

Korleis var det å bli henta med båt av Mikael?

Jo, det var kjekt! Han tok meg godt imot ombord og han fortalte at han har ein kompis med funksjonshemming så han forstod godt korleis det kunne vere.

Kjem du til å vere med på neste tur?

Ja, det vil eg. Men eg kan jo ikkje rekne med at nokon vil eller kan hjelpe, men eg vil gjerne.

Kor vil du at turen skal gå neste gong i området Kvalvika / Hovland?

Det veit eg ikkje. Eg har ikkje budd her så lenge, så eg er ikkje så kjent enno. Det er eg mest der eg er vaksen opp, på Knapstad. Eg likar veldig godt å gå i Sørmarka, på turstien der. Der er det ikkje ulendt eller er ikkje det steinar og anna som ligg i vegen. Slike tilrettelagte stiar er så bra for då kan nesten alle komme seg på tur i naturen, og ikkje minst føle seg inkludert. Ein slepp å tenkje at dette kan eg ikkje. Alle har godt av å komme seg ut i naturen enten det er slik eller slik.

Skrive av: Mellomstegselevar på EBU; Alf Erik, Madelen, Sofie, Sander, Emil, Emil Aleksander, Clara, Andrea, Astrid, Amanda, Kai Jørgen i samarbeid med lærar Liv.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2