20220601 kyrkjetak reperasjonReperasjonsarbeidet på kyrkja er komme godt igang. Arbeidsgjengen er på taket og byter ut sutak, isolerer og gjer klart for å legge ny stein på taket. All stein på heile taket skal skiftast ut.

I utgangspunktet skulle ca. 50 m2 sutak byttast, men når taket blei opna viser det seg at alt sutak er rottna og må dermed skiftast. I staden for 50 m2 må nærmare 250 m2 bytast. Når ei 200 år gammal kyrkje skal reparerast er det ikkje berre å gå på byggvare og hente material. Det skal være frå alen og dermed må det spesialbestillast å eit sag og høvleri.

20220601 kyrkjetak ope

Spiret skal også reparerast. Dette vil også bli gjordt no når stilas er bygt opp på vestsida av kyrkja.

Innvendig vil det også bli litt forandring. Vedaomnen og pipa vil også bli fjerna, dette er same ovnen som ein gong overoppheta treverket rundt slik at det stod fyr i kyrkja.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2