Eit av gatelysa på Hovland er skada og amaturet heng berre etter ledningane i stolpen. I følge nabo til gatelyset var det under arbeid med kantslått at uhellet skjedde. Armen på kantslåttmaskina dunka bort i stolpen og dermed losna amaturet frå fundamentet oppe i stolpen.
Naboen varsla mannskap på maskina og andre har også varsla Kinn kommune om at lyset heng til fare for forbipasserande.