Eikefjorden våkna opp til salutt kl 7 17. mai. Metrologane lova fint veir og det har vi hatt, strålande sol frå ein skyfri himmel. Litt svalande bris ut på ettermiddagen som berre gjorde godt for dei bunadkledde og feststemte i og rundt idrettshallen i bygda.

Vi vart ønskt velkommen til hallen med flott spel av skulemusikken.

Deretter var det tale for barna av 8. klasse

Så entra 5. klasse scena med flott sang og deretter flott dans til same sangen i meir moderne utgave.

Godt oppmøte i hallen før barnetoget. Ledar i 17.mai komiteen Ole Jacob Endestad overvåker og er godt nøgd med dagen.

Så var det tid for barnetoget. Ei fryd å sjå. Når flaggborga var i sentrum gjekk dei siste ut av skuleplassen.

For første gang i tog som elevar på Eikefjord skule.

Også 2. og 3. klasse fekk gå i barnetoget for første gang.
Superveteran Reidar Høyset heldt tale for dei som har mista livet for fedrelandet.
Gratulerar med dagen - 17. mai 2022.
Dette er dagen vi skal feire vår fridom og sjølvstende som nasjonene NORGE.
Overfaller på Ukraine har vist oss at fred og fridom ikkje er så sikkert som vi trudde.
I vår feiring - går i dag også tankane til det ukrainske folk, der mange lever under umenneskelege forhold.
Vi skal idag minnast dei som mista livet i tjeneste for landet vårt. I oppryddinga etter den tyske oppukasjonen av Norge var det i Florø store lager av sprengstoff og amumisjon. Dette skulle fjernast ved å senke det i Stavfjorden. 1.september 1945 var ein tysk lektar for heitte Tekla på veg til dumpingplassen.
Ved Oddane utforTansøy gjekk det gale - Lasta eksploderte og blåten vart knust til pinneved og forsvann i havet.
Ombord var det 19 mann - som alle omkom.
På båten var det ein eng. offiser som hadde ansvar for lasta, ein ung mann frå Bergen som fungerte som tolk - og soldat Andreas Hesjedal som vakt. Andreas var også med i dei norske styrkane i Valdres i 1940.
Vidare var det 6 tyske sjøfolk, som mannskap ombord og 10 norske nasistar - fleire av dei frå vårt område.
Dei som gjekk i tjeneste for nasi-tyskland fekk heller ingen minnestein!
I dag minnest vi alle norske soldatar og sjøfolk som mista leivet i og utanfor norges grenser i internasjonale operasjonar frå 1940 - og fram til i dag. Den Norske Tysklandsbrigade mista 46 soldatar under øving og andre ulykker. I FN og Nato tjeneste har 58 soldagar omkome i denne perioden.
I dag vil vi minnast alle desse ved å legge ein blomsterkrans ved minnestøtta til Andreas Hesjedal.

Etter gudstjenesta i Allhuset kunne folk benke seg i det flotte veiret og nyte den flotte bygda vår.
Barneleikane gjekk sin gang på leikeplassen til skulen.




Bente Nilsen var talar for dagen. Ho drog spesielt fram kor viktig frivillig arbeid er for vårt samfunn.