I alle år sidan vegen gjennom sentrum til Hovland blei bygd har isen i hammaren utanfor skulen vore eit vanleg skue. Like sikkert som isen har komme har den også rasa ned utan at nokon har gjort noko med det. I dag etter skulen rasa store issvullar ned i vegbana berre ein halv meter frå skulebarn når dei gjekk heim. Før eller sidan vil nokon bli treft av desse ismassane og då vil eit spørsmål melde seg.
Kven har ansvaret for å rydde opp slik at vi får ein sikker veg?
Er det foreldra som sender ungane sine forbi denne hammaren, er det kommunen som ikkje ordnar busstransport forbi eller er det fylkeskommunen som er driftsansvarleg for fylkesvegen. Kanskje er det politiet som ikkje kjem inn i Eikefjorden og stenger vegen.
Ein ting er sikkert, her må noko gjerast før det går liv tapt

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2