Har du ein draum eller tanke om å skapa noko? Har du litt tid og glød eller ynskjer du å gjera noko saman med andre her i Eikefjord
Møt opp på Allhuset vårt 30. januar kl. 17.00. Vi held på fredag ettermiddag og kveld, og held fram på laurdagen frå kl 09.00 - til ca kl 1600
Program
Fredag 30. Januar
17.00 Opning ved Brigt
17.15 Presentasjon av deltakarane om eigne forventningar, mål og liknande
18.00 Gjennomgang av opplegg presentasjon av spelereglar formulering av mål
18.30 Oppstart prosess jobbing i verkstaden med innlagde pausar, mat og drikke
21.30 Avslutning første dag
Laurdag 31. Januar
Kl. 09.00 oppstart gjennomgang første dag oppstart prosjekt konkret handling
Kl. 12.00 Lunsj
Kl. 13.00 Vidare arbeid i verkstaden
Kl. 15.30 Evaluering
Kl. 16.00 Avslutning av framtidsverkstaden
Eikefjord Grendalag
inviterer til
Framtidsverkstad
På Allhuset vårt 30.-31. januar 2004
Vi i Eikefjord Grendalag har eit mål:
Framtida er oss - Vi skapar miljø og fleire arbeidsplassar gjennom bruk av lokale ressursar.
Har du ein draum eller tanke om å skapa noko? Har du litt tid og glød eller ynskjer du å gjera noko saman med andre her i Eikefjord
Møt opp på Allhuset vårt 30. januar kl. 17.00. Vi held på fredag ettermiddag og kveld, og held fram på laurdagen frå kl 09.00 - til ca kl 1600.
Målet er å få fram prosjekt som kan gjennomførast med utgangspunkt i bygda sine ressursar og i samarbeid med hjelpeapparatet i kommunen og fylket.
For å få ein god prosess er det viktig at alle som blir med set av tid til å vera med på heile samlinga.
Vi får dra-i-gang-hjelp frå Eli Grete Høyvik frå Balestrand og Roar Werner Vangsnes som er tilsett hjå Fylkesmannen si Landbruksavdeling. Eli Grete har i mange år arbeidd som fylkesplanleggar, men driv i dag sitt eige firma Interplan. Ho har lang erfaring i arbeid med kreativitetsutvikling og slike samlingar som vi no skal vera med på. Roar Werner har arbeidd hjå Fylkesmannen dei siste 12 åra som prosjektleiar innan bygdeturisme og bygdeutvikling, og saman vil dei legga opp eit spennande løp for oss desse dagane.
Dei vil nytte ein metodikk som blir kalla Framtidsverkstaden. Dette er ein metode der de som deltakarar sjølv skal formulera idear, foreta prioriteringar og setja desse ut i handling. Prosessleiarane skal legga til rette for denne verkstaden. Vi skal skapa tryggleik/kreativitet gjennom spelereglar, tidsbruk og verkemidlar Og det krevst ingen forkunnskap for å vera med på prosessen.
Vi garanterar at dette skal bli moro og spennande.
Ta utfordringa og bli med!