ImageEikefjord Cup er kommen godt igang og dei to første kampane er ferdige. I den første spelte  FSK og Sandane uavgjordt 3-3, medan Eikefjord slo Eid 3-0 i den andre kampen. 
Den største overraskinga idag var det likavel Idrettskonsulent i Flora Kommune som stod for. Han gjekk rundt og inspiserte kunstgraset og kunne fortelle at han hadde fått mail frå leverandøren av kunstgraset. Dei har oppdaga feil i produksjonen av partiet som er lagt i Eikefjord, Florø og Tønder i Syd Damnark. På bana i Tønder har alt store grasfelt forsvunne.

Fabbrikken har analysert graset og funne ut ad det har komme for mykje styren i blandinga av sjølve graset. Dette gjer at graset rett og slett ikkje tåler veir og spesielt sur nedbør og vil forsvinne etter kvart. Bresco som la kunstgraset seier seg lei for det inntrufne og har bedt om eit møte med Flora kommune. På grunn av stor arbeidsmengde har dei sett fram ønske om at idrettslaga tar fjerninga av det gamle graset på dugnad og så vil dei komme og legge nytt gras ut på hausten. Det er ikkje farleg å bruke kunstgraset, men det etterkvart kan avgi litt farge som er vanskeleg å få av i vask.
Leder i fotballgruppa Anders Sunnarvik seier at dersom betalinga for dugnaden riktig skal den jobben gå som ein leik, men presiserer at dei ikkje har merka noko problem hittil.

Kampreferat finn du på Eikefjord-fotball.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2