Image
Rype i vinterdrakt

For mange eikefjordingar er søndagsturen det samme som ein tur ut i terrenget. Mange nyttar høvet til å ta seg ein tur på Hovlandstøylen. Vegen opp er fri for snø så det er fint å gå for dei som likar litt mota.
Er ein litt oppmerksom kan ein sjå mange dyr på desse turane. Her er ei rype i vinterdrakt som roleg sat og følgde med på aktiviteten nede i bakken. (Fargane er justert for å sjå rype bedre)

Nokre syns denne turen er litt for kort og går opp til Nipevatnet. Denne helga var det fint å gå, skaren bær så om ein gjekk rundt dei brattaste kneikane var det leikande lett å komme seg opp dit i vanlege fjellsko.

Om ein vil vidare oppover må ein til med meir utstyr. Absolutt minimum er broddar, men ein bør også ha med isøks for sikring. I dei bratte skråningane ovanfor Nipevatnet er skaren hard så her nyttar det ikkje med berre fjellsko om ein skal komme seg trygt fram. Om utstyret er i orden er det ein fin tur sjølv idag når det til tider var tett snødrev der opp.

Image
Blånipa er einaste fjelltopp over 1000 m i Eikefjordsområdet

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2