FAU ved Eikefjord Skule hadde møte tirsdag 18.04.06. kl. 19.00 på rom 9 Eikefjord Skule. Møtereferat finn du nedanfor

Møtebok for FAU

 

 Møte 18.04.06. kl. 19.00 på rom 9 Eikefjord Skule.

Til stades: Leni Endestad,  Janne Tonheim, Nina Liseth, Kjell Humlestøl, Vigdis Foss, Even Hamn, Anne Cathrine Øren, Marlyn Tonheim, Trine Tønnesen, Anita Løkkebø, Idar Øren og Ingunn Bergheim.

Forfall: Geir Magne Øyra, Jan Telstø, Per Øyvind Sørbø, Ole Johnny Lid, Margunn Bakke, Monika Knapnstad, Oddvar Endestad, Torleik Stegane, Aslaug Kvamsås Aa og Nina Løkkebø.

Referat frå møte 02.03.06. vart gjennomgått og godkjent.

Sak 05/06 Budsjettkutt- konsekvensar for Eikefjord Skule.

Anita orienterte etter samtale med rektor. Stegane har meldt til kommunen innsparingar tilsvarande 1 stilling (ca. 320.000,-). Han skal i informasjonsmøte i Florø 19.04.06.
Generelt vart det opplyst at kommunen har signalisert ca. 3,2% reduksjon i budsjett uansett sektor. Det vart diskutert om FAU skal sende brev til politikarar frå bygda, om at vi ser på dette som uheldig. Er det mogeleg å redusere på andre ting enn bemaning? Konklusjonen vart at Anita tek kontakt med rektor og diskuterer – får avklart spørsmål rundt dette.

Sak 06/06 Vedrørande aksjonar/ streik. Meldingsrutiner mellom skule og heim.

Bakgrunnen for saka var oppslag i Firdaposten og telefon til klassekontakter i forbindelse med læraraksjonen 30.03.06. Klassekontaktane har ikkje ansvar ved slike aksjonar. Yrkesgruppene
Som går til streik har ansvar for konsekvensane.  FAU meinar at ved slike hendelsar må skulen ordne tilsyn for elevane til skuledagens slutt (sjølv når dette kjem på kort varsel). Nokon av foreldra har reagert på ordbruken i artikkelen i avisa, då det er viktig at vi alltid opptrer sakleg. Ein var eineige om at saka burde vore behandla gjennom FAU. Rektor har beklaga hendinga, og foreldra forventar at det vert organisert tilsyn med elevane for ettertida ved lignande aksjonar/streik.

Sak 07/06 Kunstutstilling veke 17.

Fordeling av oppgåver i forbindelse med kafe:
1-4 klasse:  6 kaker frå kvar klasse (tørre kaker- fingermat)
5  klasse: 6 personer rydder lokaler/pynter i samråd med lærar.
6-7  klasse: 6 personar frå kvar klasse ryddar på plass etter utstillinga.
8-10 klasse: Alle foreldra tek med 1 kanne kaffi ( klassekontaktane og vara selger mat).

Det er klassekontaktane sitt ansvar og fordele dei forsjellige oppgåvene i dei einskilde klassane.

Ymse:
Storforeldremøte September 2006:
Forslag til tema: Grensesetting i barneskulen/ungdomsskulen. Anita tek med forslaget og arbeider videre med dette.

Skidag vinteren 2006:
Elevar ved skulen har uttrykt skuffelse om at det ikkje vart arrangert skidag iløpet av godversperioden i Feb/Mars 06. Foreldra i FAU er einige i at dette bør ein prioritere også fordi skulen har hatt prosjekt på å fremme fysisk aktivitet.

Beredskapsplan.
FAU etterlyser beredskapsplan ved skulen. Rutiner på korleis ein handterer spesielle situasjonar som oppstår. Eksempel: når elevar blir borte i skuletida, ikkje møter til time, aksjonar/streik. Ynsjer og ein mal på konflikthandtering både ved situasjonar som oppstår mellom elevar og mellom elevar og ansatte ved skulen.

Transport frå skulen fredagane kl. 12.30:

Av og til blir det nytta taxi istaden for buss desse dagane. Foreldre har opplevd at elevar har blitt ståande igjenn p.g.a. at bilen er full. Taxien har og kjørt med overlass for å få med alle.  Nokre foreldre har ikkje vore informert om at det for eksempel ikkje er plass for at ungane kan ha med seg medelevar heim.  Dette bør informerast om til foreldra og ein må finne ei løysing, slik at ikkje elevar som skal ha skyss, står igjenn.  

 


Møte slutt kl. 20.45.

Anita Løkkebø      
-leiar-                       

Ingunn Bergheim
  sekretær

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2