ImageDet tekniske anlegget som vert lagt i gangvegen frå sentrum og mot barnehagen er no tatt delvis i bruk. Mange av brukarane langs vegen er kobla til både vatn og avløp. Den neste som blir kobla på no er Omsorgstunet, Eldreboligane og Allhuset.
Det er sendt inn og analysert vassprøver av det vatnet som blir levert frå dei nye ledningane og desse prøvene viser at det er like god kvalitet på dette vatnet som i resten av Eikefjord.

 

Vidaare framover vil strekninga frå sentrum til barnehagen bli prioritert. Resten av kabler til strøm, veglys, telefon osv skal leggast  i grøfta over avløp og vatn. Vidare skal det settast opp kantstein i samme kvalitet som i sentrum før det heile blir asfaltert.
Framme i sentrum står det igjen ein god del arbeid. Her skal det tekniske anlegget som kjem frå skulen og Risetunet koblast saman med anlegget som no er under bygging. Når det arbeidet er ferdig vil alt avløp frå skulen og sørover gå gjennom slamavskillaren på Hellene og det rensa vatnet bli slept ut 30 meters djupn ute i fjorden.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2