ImageEikefjord går no okseløpa i Pamplona ein høg gang. Fleire ganger for veka er det okseløp i sentrum eller på vegane rundt i området.
Bryt kyrene seg ut av beitet i dei tider skulen begynner eller slutter er dei yngste livande redde for desse store dyra. I dag tidleg var det ein som reiste heim igjen og henta mor slik at ho kunne hjelpe han forbi. Mor var sjølv ikkje høg i hatten der dei klarte å snike seg forbi dyra. Sjølvsagt kom han for sent til første time.

 

Bonden som eig desse dyra bør sjerpe inn rutinene med inngjering og kanskje sette strøm på strømgjerdene sine. Det er helt uakseptabelt at barn og vaksne ikkje kan føle seg trygge når dei spaserer i sentrum. Ikkje er det trygt for bilistane heller, treffe eit så stort dyr i 80 er ikkje noko moro oppleving.
Det ser ut som ein svinesti etter at kyrene har vore her, seier ein forbispaserande, trur i all fall ikkje bonden gjer noko med det.
Der har i vert fall jentene til hest skjerpa seg. No rydder jentene opp etter seg, slik Bodil alltid har sagt at det skal være.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2