Image
Koriander på korsprell øving

Etter knappe to år knallar Koriander til med eit nytt korsprell. I etterkvart velkjend stil er sprellet i år spekka med frivole løyer og harselas med det meste. Musikalsk har koret hatt fokus på dei gylne 70-åra, og sett saman ein velsmakande for ikkje å seie velklingande ”sviskekompott”. Alle melodiane du får høyre er blitt eviggrøne og toppa hitlistene i månadsvis i ”gamle dagar”. Med seg denne gongen har koret eit heilproft band. Tre av dei; Steinar Karlsen, Jarle Grotle og Laila B. kjenner vi frå den store kyrkjekonserten under Eikefjorddagane. I tillegg denne gongen er Aleksander Vilnes( trommer )og Kim Arin Schei( bass), hyra inn for å gjere bandet komplett. Desse stiller opp til ”jamsession” på korpuben etter ”sprellet”. Då blir det også karaoke og dans.

 

 

 

-         Dett blir berre heilt rått, seier korsprellsjefen Mona Standal, overtydande og gestikulrerar vilt ut i novemberskodda. Men tida frå forrige konsert til dette nye oppsettet har vore knapp og rimeleg hektisk. Men slik er det visstnok i showbiz, seier ho med ein trillande lått og fortel at ensemble ho har bak seg frydar seg over å lov å sprelle litt igjen. Vi er heeilt hekta, ler ho.

-         Men kva er korsprell eigentleg?

-         Tanken som kom opp for to år sidan, var at vi ville prøve å gjere noko utradisjonelt i korsamanheng. Sjølv om det er veldig kjekt å synge, følte ein del av oss at kombinasjonen song - gjøgleri kunne vere verdt å prøve. Og det gjorde vi altså for to år sidan, med stor suksess. Ikkje minst tykte dei som var med at dette var moro. Oppfordringa frå publikum om at dette måtte vi gjere meir av, har også vore ein viktig motivasjonsfaktor.

-         Det er altså ikkje revy vi snakkar om?

-         Nei, det er korsangen som er hovudelementet, men så vekslar vi mellom heilt frittståande sketsjar og gags, til dramatisering av låtar som koret framfører, fortel sprellsjefen. -Vi freistar å la innslaga våre vere ein kommentar til aktuelle saker i kommunen og lokalmiljøet og håpar ingen ville føle seg uthengt eller støytte av den grunn, smiler ho lurt. Noko som ikkje gjer oss mindre forvitne. Sjølv er ho bystyremedlem og sit kanskje i glashus, tenkjer vi.

-         Men meir kan eg ikkje røpe no, ler Mona, før ho hastar vidare. Du lyt komme å sjå og høyre sjølv. Og den 25 november 19.30 går altså dørene på Allhuset opp for det mest spektakulære korsprellet du nokon gong har sett eller høyrt.. Vi sjåast. Eg har allereie fått billett – ja, du veit vel at dei vert førehansdsselde på ICA- nær og på Spar i Eikefjord? Men ver snar!

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2