ImageOnsdag var det skipa til Klubbkveld for EIL i Allhuset. Ein kveld der det var høve til å kome med tanker og idear på vidare utvikling av klubben i Eikefjord.
Vi hadde besøk av Per Are Verlo, Klubbutvikler frå Sogn og Fjordane Fotballkrins, som leda oss igjennom denne kvelden.
 
Rekrutteringa til Fotballen er svært god, og vi har siste sesongen 10 -11 lag som kvar veke trenar på eit flott anlegg. Ønskjeleg framover var det å "ferdigstille" dette anlegget, med innbytterbenkar, tribune og kiosk. Får vi dette til, kan vi også arrangere større arrangement i Eikefjord.
 
På lags-sida ble det positiv omtale til mellom anna småjentelaget, som har gjort det bra i år. Her var det ønskje frå krinsen om å få starta opp eit reint lillejentelag ( 10-12 år), slik at vi får fleire jenter inn i fotballen - og kontinuitet i småjentelaget. Har nokon lyst til å dra i gang??? Ta kontakt med styret i fotball-gruppa!
 
Den 23.november, vert det skipa til Trenar 1 kurs, del 1 i Eikefjord. Dette er tenkt for dei som har lyst til å trene eit lag, og som kanskje treng litt teoretisk og praktisk påfyll av fotballkunnskap. Meld deg på til styret!
 
På møtet var det også diskutert korleis ein liten klubb som Eikefjord burde fordele sine oppgåver, og kanskje unngå mykje bruk av dei same personane til ulike dugnader og aktiviteter. Her innså fotballgruppa at dei hadde ei utfordring, for som regel driv ungane våre på med fleire aktiviteter. Mykje handler om informasjon og økonomi, og eit innspel var at aldersbestemt aktivitet burde få sin eigen "foreldrerepresentant" i Fotball-styret, som skulle arbeide med koordinering for laga frå 16 år og nedover. I tillegg må vi nok pårekne ei større treningsavgift for kvar av oss, om ikkje så stor som nabo-klubbane våre har...
 
Per Are Verlo understreka viktigheita av å gje eit tilbod til alle som har lyst til å vere med å spille fotball, samtidig som klubben har plikt til å legge til rette for dei spelarane som ønskjer å utvikle seg som spelar, sjølv om det betyr å "knipe" litt av bana når A-laget trenar...!  Av alle dei 70 aktive barna som i dag spelar fotball i Eikefjord, skulle det vere god rekruttering til A-laget i åra som kjem, og det vert sikkert mykje moro på Idrettsanlegget også neste sesong - i 3.divisjon!
 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2