Image
Jonas Hovland med sin pokal

Den årlege skifesten gjekk av stabelen søndags ettermiddag. Det var omtrent 200 innom dørene så det vart trangt og etter kvart ganske hett i festsalen på Allhuset.
Skigruppa satsar bevist på breddeidrett når dei legg opp skirenna på Humlestølen. Her skal dei yngste som Jonas Hovland på 3 år være like velkommen som dei større gutane og jentene helt opp i veteranklassane. På skifesten er den dagen då alle er vinnarar. Skigruppa delte ut totalt 136 pokaler for cuprenn, 96 medaljer for Floramesterskapen, mange glas til deltakarane i trimklassa og i tillegg 103 forskjellige grader av skimerket. Astrid Løkkebø, Aud Årseth og Arne Solheim fekk skifatet som er den høgste utmerkinga ein kan få innan merketaking på ski.

 

Skigruppa delte i alt ut 57 store pokaler for dei som har deltatt i inst 5 cuprenn, 61 litt mindre pokaler for dei som har deltatt i 3 cup renn og 18 pokaler for dei aller minste som har deltatt. Dermed fekk 136 av dei totalt 300 som har deltatt på skirenn på Humlestølen dette året pokal.

I Floramesterskapen får alle opp til og med 9 år gullmedalje for å ha deltatt. Frå 10 år og oppover er det meir alvor og det blir delt ut gull, sølv og bronse medaljer i både gute og jenteklassane.

 

For å klare kravet til merke må ein gjennomføre skirenn av ei viss lengde innanfor ei gitt tid. Krava er felles for heile landet og lista er lagt slik at er man litt trena skal ein klare kravet. Det bei delt ut 82 merke av ulik valør, 11 5års pokaler, 4 plaketter, 2 statuetter og skikrus til Aud Årseth.

Med så mange vinnarar på plass i Allhuset kan berre skigruppa ønske velkommen til ny skisesong som startar med klassisk skirenn søndag 7. januar kl 14. Vel møtt på Humlestølen.

Image
Emilie Esp viser stolt fram pokalen som ho har vunne.
Image
Alle var oppom scena for å få sin utmerkelse.
Image
Trimmarane fekk fine glas i premie og var strålande fornøgde

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2