ImageTalet på hummar langs norskekysten er kraftig redusert. Årsakene til dette er mange og Fiskeridirektoratet prøver å snu utviklinga. Til dette treng direktoratet hjelp frå lovlydige fiskarar og andre som ferdes på sjøen. Hummarfisket er underlagt strenge restriksjonar med tanke på fangsttid, størrelse på hummaren og fangstredskap. Direktoratet har også fastsett kor mange teiner ein fritidsfiskar har lov til å fiske med og kor mange teiner ein kan ha pr båt.

Med så mange teiner som no er i Eikefjorden, Barlindbotnen og Tonheimsfjorden vil vi nok merke at bestanden vil gå drastisk tilbake eller kanskje vi vil oppleve tom fjord fordi enkelte ikkje held seg til dei regler og lover som er gjeldande.

 

 

Her er nokre punkt gjengitt frå heftet "Kysten er din" som ein kan få ved henvendelse til politiet.

Hummar kan berre fangast med teine. Som fritidsfiskar kan du fiske med maksimalt 20 teiner. Når fleire fiskar frå same båt, kan de likevel ikkje fiske med meir enn 20 teiner.

Fredningstid for hummar
Frå svenskegrensa til og med Sogn og Fjordane: 1. januar kl 08:00 - 1. oktober kl 08:00

Minstemål for hummar.
Minstemål for hummar er på kysten frå svenskegrensa til og med Vest-Agder 24 cm, medan det i resten av landet er 25cm.
Hummaren skal målast frå spissen av pannehornet og til den bakerste kant av midre symjelapp. Dersom ein får hummar under minstemål skal den settast ut att i sjøen.

Merking av fiskeredskap
Fiskeredskap som står i sjøen, skal vere tydeleg merkt med namn og adresse. Merket skal finnast på minst eit av vaka, blåsene eller bøyene som høyrer til reiskapen. Yrkesfiskarar må merkje reiskapen med båten sitt registreringsnummer.
Det er forbode å la reiskap, fortøyning og anna stå igjen i sjøen eller på sjøbotn utan grunn.

Heftet tar ikkje opp kva privatpersoner som finn umerkt reiskap kan gjere. Det er frestande å tru at ein kan dra opp utstyret og sette fangsten fri, men det er nok ikkje helt etter boka då politiet ikkje ville kommentere ein slik framgang. Heilt sikkert er det at funnet kan meldast til politiet som har myndighet til å kverrsette utstyret.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2