På Eikefjorddagane 14.-16. august i år er det som vanleg mange spennande produkter. Nedanfor er nokre av dei presentert, men det er også mange andre som du vil finne rundt om i sentrum. Ta deg ein tur rundt om på Eikefjorddagane - du finn helt sikkert noko du har brukt for.

Eva Kristin Dale
Eva Kristin Dale er busatt i Førde og kjem til Eikefjord Dagane med sine unike smykker sett saman av ulike komponentar som: krystal, swarovski, emalje, sølv, ferskvannsperler, zirkonia og capiz. Ho lagar berre eitt eksemplar av kvart smykke. Dei smykka som ikkje er av reint sølv er nikkelfrie. I tillegg til smykkene har ho i år kjoler i ullfilt eller chenille, votter i ullfilt og sjal i nunofilt samt hekla sjal av englemasker og av rein ull (vanleg filting). Ho har også med dekorerte vesker av nepalull.

Per Stavang - Neset Røykeri

I nabobygda ligg Neset Røykeri. Her røyker laksekongen Per Stavang laks til dei finaste resturantar. Kvaliteten på denne delikatessa tilfredsstill dei fleste ganar. Kunsten å røyke laks beherskar han til fulle. Under Eikefjord Dagane 2009 kan du kjøpe med deg litt røykt laks, og kanskje røykt ål også. Ålen fiskar han i Endestad Vatnet, og han har fått mykje ros for sin nydelege røykte ål. Så ta turen innom Per Stavang for å sikre deg heimerøykt laks og evt ål. Han blir på stand så lenge han har fisk!

Kari Klev – Meir Mohair

Plagg strikket av mohairfiber er elegante, lette og en smule luksuriøse. Fiberen vi får er silkemjuk og glansfull. Mohairgeita kommer fra fjellområder i Tyrkia. Tyrkerne visste å sette pris på den, og de var lenge uinteressert i å eksportere livdyr. Heldigvis er dette historie, og mohairgeita holdes nå i de fleste europeiske land. Den har ikke vært lenge i Norge – men fjelldyr som den er, passer den godt til norsk klima. Den elsker å beite på kratt og buskas, og er derfor ypperlig til kulturlandskapspleie. I forhold til mjølkegeita oppfører den seg mer aristokratisk, og er lett å gjerde inn. (Hurra!).. Finn fram dine beste pinner og strikk til gullungen, Den Store Helten eller deg sjøl – og føl deg som dronning!

Marit Andersen – Lapper, Lys, Englefryd

Marit Andersen har ein egen evne til å lage kreative og artige produkt som utrykker glede. Hennar materiale er tekstil, og hennar verktøy er for det meste symaskin. Ho likar å leike seg og eksperimentere med bomull, lin og silke i kombinasjon med sølv, papir, gummi og andre tjenelige materialer som gir produkta det rette uttrykket. Hennar ønske er at produkta skal spre farge og glede i kvardagen. Kom innom Eikefjord Dagane og sjå hennar utallige fargesprakande og flotte håndarbeid.

Ragnhild Svardal Nesje - Breheimen Naturprodukt

På søndagen er Breheimen Naturprodukt frå Stryn igjen på plass på Eikefjorddagane. Dei produserer eit rikhaldig utval av mat. I tillegg til den søte smaken av honning og honningkaker, kan du få kjøpt ulike variantar av spekemat. Spekepølse av hjort, storfe og geit, samt velsmakande spekekjøt kan anbefalast. Treng du noko å leske deg på kan du og nytte høvet til å kjøpe eplecider. For meir info sjå: www.honningprodukt.net

Guus Morel – Alm Gard Iskrem
I den vakre bygda Feios i Sogn har dei fått innflyttarar som satsar utradisjonelt. På Alm Gard finn vi Telemarkskyr, høns, grønsaker og bringebær. Med utgangspunkt i eigne råvarar produserar Guus Morel og familien heimelaga iskrem etter tradisjonelle oppskrifter. Nydeleg og velsmakande is laga av frisk mjølk, fløyte og egg, og smakssett med
sjølvdyrka friske fruktar. Denne isen inneheld ikkje kunstig aroma, fargestoff eller konserveringsmiddel. På søndagen under årets Eikefjorddagar kan du forfriske deg med eit slikt unorsk gardsmatprodukt. Kven veit om ikkje det her er fare for at det vert utseld tidleg…

Bjørg og Jens Heggestad – Elvebakken Gardsysteri

I Veitastrond finn vi eit lite og eksklusivt gardsysteri. Geitene til Bjørg og Jens Heggestad beiter i Jostedalen nasjonalpark ved den mykje omtala fjelltoppen Kaldakari. Denne geitemjølka er utgangspunktet for den eksklusivt heimelaga ekte geitosten med same namn som fjelltoppen. Med ekte geitost meiner vi ein brun geitost laga av 110% rein geitemjølk! I tillegg til geitosten vil Bjørg og Jens også ha med seg god gammaldags mylse for sal. Dette er varer som må smakas, så nytt høve til å slå av ein prat og få dykk ein smakebit. Vi er på Eikefjorddagane laurdagen.

Trond Henrik Eplet – Eplet Bed & Apple
Frå Solvorn kjem Trond Henrik Eplet med sin uimotståelege bringebærnektar. Dei saftige bæra er plukka i bygda innst i Sognefjorden og pressa same dag på Open Juice Factory i kjellaren på Eplet Bed & Apple.
Eplet er eit internasjonalt prega hostell med avslappa atmosfære, hengekøyer i hagen, gratis syklar til utlån og ein 9 mål stor frukthage. Les meir om Eplet sin gardsturisme i moderne format på www.eplet.net. Juicen blir for det meste seld til hoteller og kaféar. Under Eikefjorddagane kan også du få ein smakebit av foredla frukt frå vakre Solvorn. Nytt høve til å sikre deg nokre kartongar av denne himmelske bringebærnektaren! Og ikkje vent til toget er gått, for denne standen har vi berre glede av på søndag.

Odd Birger Jensen - Brito Pølser
Kjem med sine mange pølseslag. Reiser rundt i heile Noreg og er alltid smilande og blid. Har nokre eigne oppskrifter på pølser, men andre produserer dei for han.

Elena og Kåre Haugland – Norges Mat
Norges Mat drives av Elena og Kåre Haugland og er en familiebedrift frå Nordfjordeid. Elena er frå Kazan i Russland, og er ofte med å selger på markeder. Kåre er pølsemakermester og jobbet i faget siden 1962,og m.a. mange år driftssjef i større kjøttberift i Oslo. Norges Mat selger og over internett de fleste produkter www.norgesmat.no. De mest populere
pølsene er rødvin, bacon og chorizo. Andre er vilt, kvitløk, biff, geitepølse m.m. Fenalår og spekeskinke u/ bein er laget på gamlemåten, med mindre salt og tørket i vanleg luft. Sylteflesk av haud og grove middagspølser selges mest før Jul. Velkommen til vår stand for prøvesmaking på Eikefjorddagene.

Inga Sæterlid – natronkake og gimpa dåpskjole
Natronkakene og lefsene til Inga Sæterlid får dei fleste til å verte mo i knea. Inga Sæterlid veit å ta vare på gamle tradisjonar. I tillegg til å lage natronkaker og lefser, tek ho vare på den meir sjeldne teknikken gimping. For dei uinvidde, kan vi opplyse om at gimping ikkje har noko med mat å gjere. Dette er ein husflidsteknikk. Inga Sæterlid vil ha med seg ein vakker gimpa dåpskjole for sal.

Åse og Anita Havn – Saum og Strikk
Åse er vår faste humørspreiar i marknadsteltet. Både ho sjølv og produkta hennar er til å bli glad av. Åse syr vadmelsvestar med skinndekor, hattar, beltepungar, samt diverse dekorerte vesker av mindre storleik som kan nyttast til ulike høve. I år som i fjor har ho også med seg dei fargerike strikkeprodukta som er laga av dottera Anita. Dei fjonge trekantsjala i spreke farger er laga både i bomull og i eksklusiv alpakkaull. Med friske fargar og snerten design kan einkvar kvinne pynte seg til kvardags og fest.

Anja Cecilie Sletthaug
vart ferdig utdanna gullsmed i 2001. Ho held til i Åsane, kor ho bur og arbeider. Anja Cecilie er tru mot handverket sitt, og lagar alle sine smykke for hand. Du finn difor berre få av kvar type, og alle er laga i 925S. Desse vakre smykka vert produsert i eigen verkstad på Åsane. Nytt høve under årets Eikefjorddagar til å få deg ditt eige unike sølvsmykke.

Hilde Buer
er villsaubonde på Grønenga, ho stiller med vakre skinn av villsau. Nydelege, varme skinn for kalde dagar.

John Kåre Larsen - m-produkter
Hovudsakleg driv vi med sal/distribusjon av handlaga ting og husflid, men har også alternative produkt. Vi har smykker av eigen design. På standen kan publikum få designe eigne smykker i sølv. Du kan finne din smykkestein i skattekista, og vi lagar den til smykke for deg. Vi har gravering av glass på standen der ein kan få gravert inn namn på glas i ulike variantar. Applikasjonar, flotte handsydde kunstverk/bilde, husflid med bl.a. strikka sokkar/labbar/sko som er produsert av lokale damer. Meir info på: www.sognefjord-marknaden.com

Tove Øvrebø Rindheim - Kattepina Glassdesign
Har jobbet med kunstglass i 5-6 år, all kompetanse via kurs på” Glassforum Komptansesenter innen kunstglass”. Produserer smykker, fat, bilder og diverse figurer montert på stein eller glass. Lager også på bestilling etter kundens ønsker om fargevalg. Forhandler for Hobby Forum med salg av kunstglass, dikroitisk glass, sølvleire og diverse utstyr og maskiner. Holder kurs i glass og effekter, glassmykker og sølvleire.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2