Onsdag 4. november kl.19.00 kjem den internasjonalt kjende pedagogen James Nottingham til Eikefjord barne- og ungdomsskule for å møte foreldra til elevane våre og snakke om opplæring og oppseding. Nottingham er invitert av EBU og FAU. Han har vore mykje i floraskulane, blant lærarar, leiarar og foreldre.

Nettverket JN jobbar i, heiter Community Designed Education,oftast kalla CDE (Skular personalet har utvikla i lag). Dette er eit internsjonalt nettverk som femner om New Zealand, Australia, England,USA, Sverige og Noreg. JN er koordinator for Europa.

I Flora kommune er alle skular og barnehagar no med i nettverket. I eit år har vi hatt CDE-arbeid høgt oppe på handlingsprogrammet. Ved EBU går vi no inn i CDE-år to av tre. Til helga skal vi ha samling med JN på Eikefjord skule både fredag og laurdag.

Tema:

Korleis lærer born best og korleis kan foreldre hjelpe til?

Inngangspengar: Kr. 20,-

Vi byr på kaffi med litt attåt.

Vonar på stort frammøte!

Vel møtt!

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2