Onsdag 4. november kl.19.00 kjem den internasjonalt kjende pedagogen James Nottingham  til Eikefjord barne- og ungdomsskule for å møte foreldra til elevane våre og snakke om opplæring og oppseding .Nottingham er invitert av EBU og FAU.

Han har vore mykje i floraskulane, blant lærarar, leiarar og foreldre. Nettverket JN jobbar i, heiter Community Designed Education,oftast kalla CDE (Skular personalet har utvikla i lag). Dette er eit internsjonalt nettverk som femner om New Zealand, Australia, England,USA, Sverige og Noreg. JN er koordinator for Europa. I Flora kommune er alle skular og barnehagar no med i nettverket. I eit år har vi hatt CDE-arbeid høgt oppe på handlingsprogrammet. Ved EBU går vi no inn i CDE-år to av tre. Til helga skal vi ha samling med JN på Eikefjord skule både fredag og laurdag.

 

Tema:Korleis lærer born best og korleis kan foreldre hjelpe til? 

Inngangspengar: Kr. 20,-
Vi byr på kaffi med litt attåt.
Vonar på stort frammøte!

Vel møtt!

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2