Share

Dugnadsgjengen på Humlestøl er klare. Skisesongen opnar 3. januar kl 14 med klassisk langrenn. Vidare går det slag i slag utover heile januar med løp kvar einaste helg om veiret held seg. Eikefjord.net vil følge opp og komme med resultat og bildeserier frå skigleda på Humlestøl. Vi vil også prøve å oppdatere med føreforhold i forkant av løpa. Til høgre ser du linken direkte til skigruppa si side der terminlist er oppdatert.

Skigruppa ønsker velkommen til Humlestølen.

FJELLET

hovlandstoylen.jpg

Eikefjord

20141015-loekkeboe.jpg

Eikefjord ligg i indre del av Kinn kommunen nord på Vestlandet. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


HALLEN

20190817-400-efjdg.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com