Kristine Løkkebø Nybø spelte på Sunnfjord sitt Bylag som spelte kamp mot Nordfjord og Sogn på søndag i Kaupanger. Dette var den fyrste av tre kampdagar.
Bylagsserien 2010 er eit utvida tilbod for dei beste 13-og 14-åringane i fylket.
Dei beste spelarane i frå Sunnfjord vert altså samla på eit lag, der dei trenar og spelar kampar. Jentene i frå Sunnfjord spelar i mot dei beste jentene i frå Sogn og Nordfjord. Alle dei tre laga spelar mot kvarandre i eit ordinært seriespel, der kvart av laga spelar seks kampar og kjempar om poeng og målforskjell. Alle laga møtast på tre forskjellige datoar, og får soleis spele to kampar på kvar kampdag.
Syskenborna Linnea og Kristine er begge tekne ut i troppen til Sunnfjord sitt lag. I perioden oktober til desember vil dei uttekne spelarane gjennom trening og kamp få god påvirking av dyktige trenarar. Det er Førde som har ansvar for Sunnfjord Bylag. Utover sjølve treningane og kampane er tiltaka i Bylagsserien også svært gode møteplassar for trenarar i ungdomsfotballen frå svært mange klubbar, og såleis også glimrande trenarutviklingstiltak. Etter fem års erfaring med Bylagsserien veit ein at den genererer stor entusiasme og mykje kompetanse over heile fotballfylket.
Kristine spelte begge kampane på denne fyrste kampdagen.
Bak frå venstre: Hanne Opseth Rygg, Anna Svarstad, Iris Aase, Kristine Nybø, Kjerstin Boge Solaas, Ingrid Mjøs, Andrea Kvamme Berge, Karoline Orheim, Marit Ova Bøyum. Framme frå venstre: Eline Nordstrand, Ragnhild Ulltang, Sara Eriksen, Christina Hopen, Ingrid Ova Bøyum, Kristina Knutson, Silvia Kapstad.
Rapportane fortel om tre jamne jentelag som deltok. Både Sunnfjord og Sogn spelte to kampar på rad utan pause grunna dårleg garderobekapasitet. Gutekampane måtte spelast først og jentekampane etterpå. Då vart det eit dårleg kampoppsett utan pause for to av laga i pulja. Sogn, som var arrangør, fekk ein kamp pause medan dei andre laga fekk to kampar på rad utan pause. Det vert spanande å sjå kampoppsettet då Sunnfjord vert arrangør ved neste korsveg den 28. november i Førde/Naustdal. Den aller siste kampdagen i Bylagsserien 2010 vert spelt på Eid 12. desember.
Første kamp spelte Sunnfjord i mot Sogn, og det vart ein jamn kamp med to gode lag som til slutt enda 1-1 etter at Sunnfjord tok leiinga i kampen.
Andre kamp mot Nordfjord enda til slutt med 3-2 tap. Sunnfjord kontrollerte store delar av kampen og hadde mange store målsjangsar som dei ikkje fekk uttelling på. Konsentrasjonen glapp på slutten og det resulterte i eit baklengsmål heilt på slutten.
Neste kampdato:
28. november i Naustdal/Førde
12. desember på Eid Idrettspark
Linnea Løkkebø og Kristine Løkkebø Nybø.