plan_storhall-250På møte om utviding av skulen blei eikefjordingane presentert for ei storhall på 18x33 meter. I følge kartet er dette det maksimale ein klarer å få til med den plasseringa arkitekten har valgt. Prisen på hallen var estimert til 32 millioner.

Hallen er ein bastard som ein ikkje kan rekne med å oppnår full støtte frå tippemidlane og prisen på prosjektet er langt over det ein hall på 23x44 meter kan byggast for.

Er eikefjordingane på veg inn i fella som Flora kommune er kjent for? Bygge eit dyrt prestisjebygg som sansynligvis får byggeskikkprisen.

Ved å gå for ein bastardhall på 18x33 meter vil ein ikkje oppnå full støtte frå tippemidlane. Ein vil kanskje ligge nærmere 4 mill enn 7 mill. Ein standardhall på 23x44 meter kan ein oppnå 7 mill i tippemidler. Ved å legge inn andre fasiliteter kan denne potten økes opp mot ein mill ekstra. Som skissa over viser kan ein i ettertid ikkje utvide til ein standardhall. Då må heile hallen rivast og byggast opp på ny. Den røde firkanten viser omtrent ein standardhall på 23x44 meter.

Med eit raskt søk på nettet viser det seg at det er levert ein hall til Stord kommune. Dei har fått overlevert ein standardhall i år der totalentreprisen er på 24 mill inkl mva. Dette er ein hall som er spesialdesignet til å stette krava for tippemidlar, men vil nok ikkje få nokon byggeskikkpris i Flora.

Sjå prospekt av hallen her

I følge Odd Arne Grimseth i Naustdal er det berre tull å tenke på noko anna enn ein normalhall.  Ein må berre få med seg erfarne brukere av ein slik hall slik at ein får inn dei nødvendige funksjonane i bygget. Lagerplass er ofte eit av problema i ein slik hall. Han stiller gjerne sin ærfaring til rådvelde slik han har gjordt for andre kommunar i fylket.

Plass for ein slik hall har vi også. Som skissa nedanfor viser er ballbana akkurat av stor nok til å plassere ein normalhall der. Blå firkant viser garderobedel og andre fasiliteter. Ballbana kan byggast slik som vist på alternativ skuleutbygging uten storhall.
plan_storhall-525

Mitt råd til lag og organisasjoner i Eikefjord er å la Flora kommune bygge ut skulen til 68 mill. Samtidig kan bygda bygge ein normalhall ved sida av skulen til ein langt rimlegare sum en det arkitekten for skulen estimerer. Utleige til skule og andre på kveldstid kan kanskje klare å finansiere det heile. Med ein totalsum på 24 mill vil regnestykket som Sunnarvik presenterte på folkemøtet nærme seg fullfinansiering.

Redaktør Eikefjord.net Odd Asle Endestad

Kommentarer mottas og vil bli publisert om det er ønskelig. Vi treng ein debatt om løysingane som er presentert av kommunen og raske skisser presentert over.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2