Steinar Hopen spelte på Sogndal i perioden 1988-1992. Han laga 34 mål på 109 kampar for dei kvit - og svartkledde.
No kan DU stemma Steinar fram som tidenes venstrekant!
NRK Sogn og Fjordane har gåande ei sak der ein skal koma fram til tidenes Sogndal-lag. Kvar veke har ein stemt fram ein spelar på kvar posisjon på bana. Denne veka er det venstrekanten som står for tur, og ingen ringare enn Steinar Hopen er ein av kandidatane.Laget til no:
- Keeper: Terje Skjeldestad
- Høgre back: Petter Melchior
- Midtstopparar: Asle Hillestad og Arild Førde
- Venstre back: Gunnar Sigmar Håre
- Høgre kant: Knut Christiansen
- Sentral midtbane: Atle Torvanger og Rune Buer Johansen
Denne veka er det altså venstekanten som står for tur, og her dukka Eikefjord sin eigen Steinar Hopen opp som ein av kandiadatane. Steinar Hopen spelte på Sogndal i perioden 1988-92. Han laga heile 34 mål på 109 kampar. Henning Berg rangerer gelefinta frå Eikefjorden som ein av dei tre verste motspelarane han har hatt. I lag med Zinedine Zidane….
Du kan avgje ei stemme kvar dag fram til søndag midnatt. Måndag 7.3 kjem ei ny avstemning, for då skal tidenes spissar kårast.
Gå inn på NRK Sogn og Fjordane og gje di stemme her!