Etter forholdene har jenta som blei påkjørt på Hovland det bra. Det var eit ope brudd i eine leggen som måtte opererast. Det var heldigvis ikkje skade i ankelen. Ho er kommen tilbake frå operasjonen og fått inn skinner på leggbeina. Legen har sagt til foreldra at bruddet vil bli heilt bra, men ho må nok gå på krykkjer i 6 veker.
Foreldra tykkjer synd på sjåføren som kom opp i denne trafikkulykka.