Arbeidet med rehabilitering av skulen har stoppa opp på grunn av rasfare frå berget og ein knaus bak skulen. Ei sprekk i ei blokk over skulen har utvida seg 3,5 cm sidan 1970 og ein del av ein bergknaus ser ut til å være i bevegelse.
Skuleplanane er ikkje lagt på is, men ein del må avklarast før ein går vidare. Når ein skal investere så mykje penger må ein gjere ting i riktig rekkefølge.
To geologer frå Norges Geologiske institutt besøkte området i desember. Geologane konkluderer med at faren for steinsprang og ras er langt høgare enn det som kan godtakast for ein skule etter dagens reglar. "Etter vår oppfatning er utearealet bak skulen og skulebygget nærmast fjellsida utsett for større fare for skred enn lovens tryggingskrav" skriv geologane i rapporten.
Det er fare for at tippen av ein knaus ved skulen kan rase ut. I tillegg er heile bergsida over skulen noko utstabil. Herifrå har det heile tida komme steinsprang som har vorte fanga opp av gamle sikringstiltak. Dessutan kan ei stor blokk ved innkjørsla til skulen vere ustabil og bør undersøkast vidare. Geologane tilrår fleire sikringstiltak som kan koste mellom tre og fem millionar før moms. Eit alternativ er å flytte det planlagde tilbygget 30 meter vekk frå knausen. Det kan og være aktuelt å sprege vekk heile knausen i tillegg til å sikre fjellsida med eit wiregjerde langs heile skulen. Ein fangvoll av stein og lausmassar kan vere eit billegare alternativ. Desse tiltaka kan berre hjelpe mot midre ras. Geologane ønskjer å undersøke fjellsida nærmare no når snøen er borte. Dette vil kanskje koste 100 000 kroner.
Vi må ha ei politisk behandling før vi går vidare, seier prosjektleiar Jagatheesan til Firdaposten.
Les meir i Firdaposten lørdag