Tidligare har Eikefjord Idrettslag v/ Lars Terje Standal etterlyst styreprotokollane. Nå er mysteriet løyst! Protokollane heilt frå 1967 har vore trygt bevart hjå ein privatperson her i Eikefjord som fekk det i hende i forbindelse med 40 års jubileumet til EIL i 2007. Då var protokollane også på avveie, men kom til rette etter litt detektivarbeid. Det høyrer med til historien at personen som den gangen hadde protokollane ikkje ville gje seg til kjenne fordi han syntes det var litt "flaut"!
Den nye leiaren og nestleiaren i Hovedstyret er glad for at protokollane er komt til rette og ønsker å takke Brynjar Svardal for god oppbevaring av styreprotokollane. Nå er protokollane overlevert til Skaret sidan fotballen i år har 40 års jubileum.