Saman med Flora Kommune har grendalaget søkt om 1,5 mill. kroner i bulystmidlar. Midlane blir forvalta av Kommunal- og regionaldepartementet. Dette utgjer halvparten av kostnadsramma i prosjektet kalla "Liv laga mellom fjord og fjell".
Innan 45 min kan ein frå Eikefjord nå større folketal enn frå nokon annan plass i fylket, hevder grendalagsleiar Anders Sunnarvik til Firda. Ein når kommunesentra i Flora, Bremanger, Naustdal, Førde og Gaular. Øker ein til ein time når ein ytterlegare fem kommunesentra.
Berit Seljeseth Osa og Cathrine Holsen Gardner har lagt ned mange dugnadstimar på å utarbeide søknaden som fredag vart sendt til Kommunal- og regionaldepartementet. Cathrine står som døme på ei av målgruppene: Eikefjording som har flytta ut for å få utdanning, som no flyttar tilbake med familie. Ho flytta tilbake for å få bedre kontakt med familienettverket og opplever at lokalsamfunnet ho kjem tilbake til er opnare og meir innkluderand en det ho flytta frå for mange år sidan.
Prosjektet er utforma i tre trinn.
Første trinn er plansmia som er planlagt i september. Her skal ein få på plass ei kommunalplan og reguleringsplan på ei veke.
Ei gruppe skal ha næringsutvikling som ansvarsfelt.
Den tredje gruppa skal sjå på moglegheter knytt til kultur og ungdomsarbeid.
Les meir i Firda mandag