Eikefjorddagane (12.-14. august i år) brukar opne med eit legendarisk kakebord på fredagen. I år har Berit Sørbø teke over stafettpinnen frå Mona Johannesen og Ann Katrin Øren som administrator av søtsakene.
Etter at ringelistene er borte vekk, vonar vi på denne måten å nå ut til nye og "gamle" kakebakarar. Ring eller txt Berit med namn og kva kake du ynskjer å stille med. Du kan også registrere deg på "Få tak i kakebakere til Eikefjorddagane - 70 stk.!!" på Facebook.
Mobilnr. til Berit er: 958 91 979. Du kan også nå henne på mail: [email protected]
Kaka leverer du på gamle Langedalsbutikken/ICA bygget fredag 12. august kl. 14 (og utover).