20110731-250-skulemusikken865Eikefjord Skulemusikk har lyst å sende eit lite reisebrev fra ein opplevingsrik Danmarkstur. Veka etter skuleslutt la korpset i eikefjord med korpsleiara, søsken og foreldre til musikantane ut på ein 5 dagers tur til Blokhus i Danmark.
Her hadde vi mange flotte stunder saman med kvarandre og andre korps, mellom anna hadde vi ein dag med gatespeling og oppmarsj i Ålhus, og felles kveldskonsert med mange andre korps, i Blokhus.


Film og bilder fra dette finn de på Eikefjord Skulemusikk si facebook side.

20110731-525-skulemusikken588

Det var ein utruleg kjekk og fornøgd, men meir eller mindre blakk og sliten gjeng som kom heim til Eikefjord sent søndag kveld.

20110731-525-skulemusikken100

Vi i korpset vil rette ein stor takk til vår kjekke sjåfør Svein Arne Sandvik, og ikkje minst Mariann, for hyggeleg selskap. For mange av oss voksne i korpset hugsar tilbake da Svein og Mariann sjølv reiste som korpsleiara, og engasjerte foreldre til Eikefjord Skulemusikk.

Vi håpar og trur ein slik tur har gitt inspirasjon til musikantane, og vi ser fram til å spele litt av programmet på Eikefjord Dagane som nærmar seg.

Takk og til sambygdingar som har vore med å støtta korpset ved å kjøp lodd, og næringslivet i kommunen med flotte gevinstar, og ikkje minst Steinvik Fiskefarm for ei betydeleg pengegåve som vi valde å nytte til ein slik inspirasjonstur.

Beste helsing Eikefjord Sulemusikk.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2