Eg leser20121210-250-fjera på Eikefjord.net at bystyret sannsynlegvis kjem til å vedta ombygging av Eikefjord skule og det er veldig bra.

Men når det gjeld det tillegget med ny bussholdeplass og parkering nede ved fylkesvegen som nå er lagt inn i prosjektet, reiser det seg eit par problem.

Før ny bussholdeplass kan byggjemeldast må området gjennom to arealplanprosesser; først den som nå er på gang dvs ny kommunedelplan for Eikefjord. Der må bl .a. eit bustadområde omreguleres til trafikkareal. dernest må det lages ein ny reguleringsplan som riktignok kan utarbeidast paralellt med kommunedelplanen.

Ein slik reguleringsplan bør omhandle heile området som høyrer til nordre del av Eikefjord sentrum frå og med Eikefjord handel til skulen. ( Eit vesentleg poeng ved arealplanlegging er at ein skal sjå sammenhengen for dei forskjellige arealene i eit framtidsperspektiv )

Ny bussholdeplass og parkering kan dermed medføre heft og forsinkelse av skuleprosjektet og bør derfor skiljast ut som ein eigen sak.

For ordens skyld, nevner eg at eg har sendt eit skisseforslag til regulering av Eikefjord sentrum nord med ny bussholdeplass og parkering til Flora kommune, som er lagt ved kommunedelplansaken og som eg også viser nedenfor.

20121210-525-fjera

Mvh

Oddgeir Havn
Tlf.: 90209393

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2