Viser til oppslag i avisa «Firda» 4.desember om 420 Kv – leidning gjennom Eikefjord.

Hovudstyret i Eikefjord Idrettslag og Eikefjord Idrettslag skigruppa, har i møte 9.desember drøfta oppslaget i «Firda» 4. desember.

Idrettslaget beklagar at det har vært sendt brev til Olje- og energidepartementet med signatur av representant frå idrettslaget - og bruk av idrettslaget sin logo i forbindelse med val av ny 420 kV – trasè. Idrettslaget er også nemnt, som ein av fleire avsendarar i to brev til departementet. Dette er ikkje godkjent av Idrettslaget.

Eit samrøystes styre i Idrettslaget stadfesta at ein ikkje er, eller har vore part i saka om 420 kv leidning gjennom Eikefjord.

Styret i Idrettslaget ser såleis saka som avslutta frå vår side og det blir ikkje gitt ytterligare kommentarar frå styret i saka.

Eikefjord Idrettslag

Lars Terje Standal (s)          Silje Fraas Øren (s)
Leiar Tidligare leiar

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2