Gode kunde20130630-525-kafe

Nokre av dåkke har vore innom i nye butikken, som no rommar både blomster, gave og interiør, klær og sist men ikkje minst kafe og selskapslokale. Denne biten av forretningen er under utvikling kontinuerlig, og vil bli tilpassa etterspørsel og behov. Vi serverer heimelaga supper fra våre beste oppskrifter, ulike supper kvar veke, i tillegg til kaker og påsmurt foccatia, pai, salater og varierandre andre rettar. Du får deilig kaffe, espresso, caffe latte og nykverna kaffi. På sikt vil du finne kolonialvarer, mellom anna lokalproduserte varer fra ulike bønder i området, og frå mandag av får vi endeleg inn gode brød og rundstykker fra Florø Bakeri!! Viss dette er noko de har interesse av, send meg gjerne ein sms, så får vi ein peikepinn på etterspørselen, slik at vi kan ta inn passe mengde.

Om nokon er interesserte i lokalprodusert storfekjøt, så har vi det no for salg i assorterte kartonger. Dette er eit produkt vi har levert frå garden på Storebru til eigne kundar gjennom mange år, og vi har ledige kartonger på årets leveranse. Kontakt oss på 95152023. eller [email protected] om de ynskjer meir informasjon.

Ha ei god helg, og ei enno bedre veke, og ikkje minst; ein nydeleg Eikefjord-dagane-festival

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2