For første gang er 20130809-250-kyrkjaei bok som er skriven av eikefjordingar om Eikefjord lansert. Den naturlege staden for lansering av boka om kyrkja er naturlegvis i kyrkja. Presse, forfattarar og andre sentrale personar i arbeidet med kyrkja var samla og fekk ei orientering om det som er gjort og skal gjerast med kyrkja.

Naturlegvis vart også boka presentert.

Første del av lanseringa var ei orientering om arbeidet utført på kyrkja og kva som gjenstår før arbeidet er fullført. Herdis Lexau orienterte om alt arbeidet som er utført og la spesielt vekt på at det var lokale handverkarar som hadde dei beste anbuda på alle jobbane. Det gjenstår no litt utvendig arbeid og ny lysanlegg inne i kyrkja.
20130809-525-kyrkja

Andre del av lanseringa gjekk føre seg på Allhuset der soknerådet stilte med kake og kaffi. Brynjar Svardal tok ein rask gjennomgang av boka og orienterte om dei forskjellige tema boka tar opp. Tove Natvik frå Natvik prenteverk i Florø takka for oppdraget og overrekte ei prydbuske som vil bli planta ved kyrkja. Tove fekk også skryt for arbeidet med layout av boka og den smidige måten dei har fått prosjektet i havn på kort tid. Utan deira hjelp hadde ikkje boka vorte ferdig før Eikefjorddagane.
Soknerådsleder Hilde Joveig Ellingsund takka også jubileumsbokkomiteen for arbeidet med boka.
20130809-525-boka

Odd Stubhaug orienterte også om kyrkjejubileet som skal arrangarast 22. september. Her kjem biskop, prost, prestar, gamle prestar som skal delta i gudstjenesta som er ein del av Sogn og Fjordane sitt 250 års jubileum. Fylkesordførar, Ordførar og rådmann er også på gjestelista.

Etter lanseringsmøtet vart bøker lasta inn i bilar og distribusjon av boka starta umiddelbart. Målet er å dele ut bok til alle husstandar i Eikefjord sokn i løpet av helga og førstninga av neste veke. Dersom nokon vil ha ekstra bok koster denne 200 kroner og vil bli selt på Eikefjorddagane.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2