Trimbua er no offisielt opna og på lørdag var det open dag med presentasjon av aktivitetane. Mange fant vegen innom treningslokalene og leder i friidrettsgruppa Andre Høyseth skreiv inn minst 15 nye medlemmar i Trimbua. I tillegg til tidlegare medlemmar i Trimbua og styrkegruppa er det no mellom 50 og 60 som kjem til å trene i desse lokala. I tillegg har Trimbua sirkeltreningar på skulen kvar tirsdag kl 20.
På nokre av treningane på trimbua er det påmelding og begrensa antall deltakarar på grunn av tilgjengeleg utstyr. Påmeldinga kjem du inn på ved å trykke på linken oppe til høgre på denne sida.
Instruktørane på desse treningane er Arne Odd Løkkebø, Einy Akselsen, Ingunn Bergheim, Rikke Due og Marte Hollevik.
Lokala som Trimbua no har overtatt ligg sentralt til i InSpire sine gamle lokale. Det er lagt nytt golv i deler av lokala og pussa opp så det er lyst og innbydande i alle romma som Trimbua disponerer. I den største salen blir spinning, step og andre fellesprogram blir arrangert, lengre inne finn ein styrkeavdelinga med både frie vekter og stativ. I det tredje rommet er det sett opp tredemøller og romaskiner.
Sirkeltreningane på skulen er også under paraplyen til Trimbua. Her er det trening der styrkeøvingar for heile kroppen er i fokus.
Andre Høyseth var eit stort smil heile opningsdagen. Han skreiv treningskontrakter på løpande band, men ønsker sjølvsagt nye medlemmar velkommen.