Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Flora Turlag har telt opp antall20100604-250-jostein besøkande til turbøkene i kommunen og resultatet er oppsiktsvekkande. Spesiell er auken på Hovlandstøylen med 140% og 5130 besøkande.

Idrettslaget er trekt fram som tilretteleggar, men det er mange gode aktørar i Eikefjord som også bør trekkast fram.

Jostein Midtbø frå Nordalsfjord var først ute med sitt projekt "Ferdavegar mellom Norddalsfjord, Eikefjord og Hyen". Her blei dei gamle ferdavegane rydda og merka.

Idrettslaget sette igang Tursti Eikefjord. Dette er tilrettelegging av stiar med grus og merking av desse. Stiane går tett på byggefelt og skule og er dermed lett tilgjengeleg. Trioen Per Endestad, Lars Fraas og Odd Asle Endestad var sentrale i arbeidet frå Knapstadbakkane til Kvalvik. Når no reguleringsplana er på plass vil nok arbeidet med stiane i Sørmarka også komme igang.

I Svardal og Steindal har dei også sitt prosjekt. Her er stiar rydda og nokre bruer bygt. Oversiktskart og beskrivelse av turane har Brynjar Svardal fått på plass, så her gjenstår det å merke stiane ute i terrenget.

Grendalaget Løkkebø, Langedal og Svarthumle har sitt prosjekt rundt Storebru. Oddvar Endestad er motoren og både korte og lange turar merka og stiane er rydda. Fleire av stiane har forbindelse med stiar ut frå Rasteplassen i Eikefjord.

Til og mellom støylane nord for Eikefjord er det fleire personer med spesiell interesse for friluftsliv som har merka og rydda stiane. Odd Asle Endestad har merka mykje, spesielt mellom Eikefjord og Knapstad.

Idrettslaget og Grendalaget oppe i dalen er også i sluttfasen med kart der stiane blir tegna inn. Desse blir plassert på sentrale plassar. Det skal også settast opp tavler på startpunktet for dei forskjellige stiane. I forbindelse med dette arbeidet er det også samla inn lokale navn som er med på karta. Desse karta blir også tilgjengelege på Eikefjord.net

Turfolket som etter kvart har oppdaga turterrenget i Eikefjord og Storebru har mange dei kan takke for tilrettelegging av stiane i området. Så snart stiane i Steindal og Svardal er merka er også dette eit fantastisk flott turterreng.

Les også Firdaposten.no

FJELLET

Strandanipa.jpg

HALLEN

20190817-400-efjdg.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com