Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Søndagens middag er reinsdyrsteik etter gammal spesialoppskrift, det gledar vi oss veldig til. Vi har ope frå 15-1800.

Vi vurderer heile tida våre konsept, og blir veldig glad for tilbakemelding frå kundane våre. Kva skal vi tilby for at du vil ta turen ein søndag, eller forøvrig ein anna dag i veka? Vil de ha tradisjonell mat, gjerne tidkrevande mat du ikkje vil bruke tid på heime, eller yskjer du lettare rettar, med meir internasjonal smak. Du kan sjølv vere med å forme tilbudet, så kom gjerne med innspel på facebook eller på telefon eller sms til 95152023.

Vi lagar all mat frå gode råvarer og frå grunnen av, og vi tar dei fleste utfordringer. Ynskjer du laktose og glutenfritt så har vi det og. Spør øss gjerne :-) 

Vi har fått ein del bestillingar på selskap med julemat no i desember. Ynskjer du eit lite eller stort selskap, så spør oss :-)

Eksempel på juletallerken kr 250,- per person, minste gruppe 10 personer. Velkommen.

IMG 6772 

 

FJELLET

hovlandstoylen.jpg

HALLEN

20170401-basket.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com