Gode kunde :-) 

Det lakkar og lir mot jul, den store høgtida for dei fleste av oss.  Vi har i år som kvart år, flotte lokaldyrka juletre frå Fauske i Førde. Treng du hjelp til heimkøyring, ordnar vi det på laurdag 20 desember. Ta turen innom og få lagt av tre i morgon eller laurdag føremiddag, dersom du ynskjer å nytte deg av dette :-)

Julehelsingar køyrer vi ut fortløpande, ring oss på 57744601, så tar vi imot bestilling, om du enno ikkje har fått gjort det. Vi bringar til Stavang, Norddalsfjord og Florø om ynskjeleg.

Butikken bugnar i sammenplantningar, julestjerner, asalie, sviblar og amaryllis,  dekorasjonar og bukettar. Ta turen i helga og gjer deg ferdig med denne delen av julepyntinga, så unngår du stress og kø i siste liten. Og ikkje minst, då gjer du det mykje lettare for oss å drive blomsterbutikk. Då kan vi ha det gode utvalget, og riktige mengder av alt.

Ellers er det kampanjar i butikken kvar dag fram til jul. Og gode saker i kafeen, dersom du har tid å puste på litt her :-)

Laurdag er det nissefest i stall og fjøs på Hovland, frå klokka 1200. Ope for alle. Graut og kos på In-spire frå klokka 14.00. Velkommen :-)sammenplantning 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2