Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Skanska skal bygge ny skule i Eikefjord. Dei har levert eit anbud som ligg innanfor budsjettet. No skal prosjektkomiteen ha ei runde med Skanska før det blir skrive kontrakt. I tilbudet ligg ein gymsal på 24x16 meter, men Skanska har også levert ein opsjon på ein hall på 23x45 meter. 

Grendalaget er allereie i gang med å finne ut korleis dette skal finansierast, men ein har dårleg tid. Det heile skal være på plass innan februar.

Les meir i Firdaposten torsdag

FJELLET

nipevatnet2.jpg

HALLEN

20170401-basket.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com