Ungdomslaget i Eikefjord vil bruke nesten all eigenkapital til å bli medeigarar i ein ny fleirbrukshall.

– Bygda vil dette så inderleg. Og det vil vi også, seier leiar av Eikefjord Ungdomslag, Einy Akselsen til Firdaposten.


Difor tek dei no nesten alle pengane dei fekk for salet i fjor av ungdomshuset sitt og tomta og puttar dette inn i det nye hallprosjektet i bygda. Det ligg også ei klar eigeninteresse bak. -Vi saknar ein arena med scene der vi kan blåse liv att i alt frå lokalrevy til ungdomsdiskotek.

– Kva er magekjensla di? Blir det fleirbrukshall?
– No har eg verkeleg trua. Det var eit klokt trekk å setje Brigt Samdal ved roret, og gjevargleda i bygda er enormt stor om dagen. Eg trur faktisk dette kan gå vegen, seier Akselsen, som poengterer at dei ikkje har tømt klubbkassa heilt enno.

Les meir i Firdaposten tirsdag

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2